Sjømann og krigsseglar Torger Olsen Feet frå Treshaugen i Uskedalen, kaptein på amerikanske skip, fekk namnet sitt på krigsminnesmerke på Stemneplassen. Avdukinga av namneplata var hovudinnslaget på Frigjerings- og veterandagen 8. mai. Eit femtitals menneske var møtt fram. I tillegg var det gjester frå Torger si slekt, frå Randaberg, Utsira, Rubbestadneset og frå heimegarden på øvre Feet. Dei, saman med styret, var i forkant av markeringa inviterte på middag i møterommet på Stemneplassen

Uskedal musikklag er i vekst med auka medlemstal. På 8. mai framførte dei musikk frå eige repetoar i tillegg til tonefylgje til nasjonalsongane.

Gunnar Haugland og Margit Sande heldt minnetalen. Dei fortalde den rørande historia om Torger Olsen Feet som emigrerte til USA i 1910 og vart fiskar og sjømann. Før det forelska han seg i Gurine frå Skålnes i Åkrafjorden. Dei fekk ein son, Martin. Han vona på at Gurine og Martin skulle koma etter til Amerika. Slik vart det ikkje. Dei fekk nye familiar kvar på sine kantar, i USA og på Utsira. Torger omkom i skipsforlis i 1943.

Alt dette og meir til er skildra i boka Historia om Gurine, Torger og Martin. Boka på forlaget Bømlobok er skriven og redigert av Finn Bakke. Uskedal Friluftslag har tinga og sel boka til alle som vil lesa meir om sjømannen, om utvandring og om det å segla i tankfarten i krigsåra.

Krigsminnesmerke reist i 1995 og med to namn på steinen.

Uskedal musikklag var med og sette den rette ramma på frigjeringsdagen. Namna på krigsseglarane frå Uskedalen vart lesne opp, 9 i talet i Notraskips flåte. Av dei omkom Hans Laurits Landa ved torpedering ved Asorene nyårshelga 1942. Med Torger Olsen Feet er talet 10.

Av eit opplag på 100 eks, er det alt seld 25 bøker. Ta kontakt med Uskedal Friluftslag dersom du ynskjer å sikra deg denne boka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal