75 - årsjubileum i Uskedal Bondelag
40 medlemmer og innbedne gjester var samla til jubileumsfest i Helgheim torsdag 4. desember 2025. Laget har i jubileumsåret 60 medlemmer. Laget vart stifta 1. april 1950. Det var to personar her lokalt som la ned eit stort arbeid for å starta laget. Det var Amund T. Myklebust og Torger H. Myklebust. Det første styret var samansett slik: Formann Amund T. Myklebust , styremedlemmer Torger H. Myklebust, Hjalmar Ljosnes, Oskar Eik og Bernt Langballe. Tormod Myklebust tok oss med på ei reise gjennom desse 75 åra.

I dei fyrste åra var frukt og bærdyrking ein viktig del av gardsdrifta. Bondelaget fekk i stand kurs i hausting og pakking av frukt. Kurset vart halde på Skorpo hos Bernt Langballe med 18 deltakarar. Frå bondelaget kom det og forslag om å starta Kvinnherad Pakkelag, og laget vart skipa.
Klauvskjeringsboks vart laga. Kvar bonde betalte kr. 1,- pr dyr for bruken. I 1954 var ylkesagronom Moberg i bygda for å snakka om høgtytande kyr. Han meinte at frå 2500 kg til 3000 kg pr årskyr måtte vera eit høveleg mål.
Laget kjøpte inn potetkokar for kr. 2.277,42 mot pant for lånet i Kvinnerad Sparebank garanterte styret. Potetene vart kokte og brukt til fôr. Leiga var kr. 10 pr m3 kokt masse. Dette dreiv ein på med heilt fram med til det nye meieriet på Seimsfoss stod ferdig i 1960. Etter den tid så vart poteten kokt i anlegget på Seimsfoss og den gamle potetkokaren vart selt for kr. 500,- til Hatlestrand Bondelag.

Bondelaget var innom mange saker på 60-tallet. Ein kan nemna den stor
industrireisinga på Husnes. Omdisponering av dyrka mark og ikkje minst fluor forureining. To pris ordninga på mjølk. Bondelaget fekk i gong Uskedal Grunn og Elveigarlag i 1970. Momsen kom tidleg på 70-tallet og Bondelaga i Kvinnherad starta Kvinnherad Rekneskapslag.
Opptrappingsvedtaket vart vedteke av Stortinget i desember 1975. Det låg i vedtaket at den norske bonden skulle vera på nivå med industriarbeidar i løpet av 3 avtale periodar. Medlemstalet i Bondelaget gjekk opp frå 17 til 27 medlemmer. På same tid kom avløysarordninga for landbruket.

Edvin Kjærland oppsumerte dei fyrste 40 åra til laget slik: I framtida vert det utfordringar med EU, med overproduksjon og kostbare miljøtiltak. Betre kunne det ikkje seiast. Det same gjeld i dag. Edvin var ein bauta for bondestanden og la ned eit stort arbeid for bondelaget gjennom mange år. Han var leiar i laget frå 1968 til 1983.
Laget har oppgjennom åra nærmast fungert som eit bygdelag. Ein kan nemna jonsokfeiring. Brurepar med hest og stolkjerre. Torgdagen som Uskedal Utvikling starta i 1996, vart sjølvsagt Bondelaget invitert til å vera med på. Seinare kom aktivitetsdagen og bondelaget var fast inventar.
Tyngste tida til laget var frå 2006 og fram til 2011. Det blei ikkje skikkeleg fart på saker og ting før Hordaland Bondelag kalla inn til årsmøte i laget vårt i januar 2011. Dei hadde planar om å slå oss saman med Omvikdalen Bondelag. Det ville vi ikkje høyra snakk av, så både representanten frå Hordaland Bondelag og Omvikdalen Bondelag måtte reisa heimatt med uforretta sak. Nytt styre og nye kostar gjorde susen. Same året vart vi årets lag i Hordaland og vi kom på ein god andre plass for heile landet. Ikkje verst.
I sin helsingstale tok Olav Hjetland Bringedal oss gjennom tida då han kom med i laget som leiar frå 2011. Det gjekk i møte om jordvern, skattereglar, Aktivitetsdagar med « Ta sjansen». Julegraut kveld kom inn som eit fast innslag, gjerne med eit tema frå ein av medlemmene i laget. (Bjørgulv, Ragnhild, Svanhild, Lars, Tormod, Hans Reidar og Knut Olav)
I dei siste åra med unntak av Korona tida så har laget vore på fagtur til både Voss og Jæren. Laget har markert seg både når det gjeld metanhemmar til storfe og brannstasjonen i bygda. Det er vel ingen i dette landet som ikkje har høyrt om Uskedal Bondelag.
Guro Styve frå Vestland Bondelag hadde med helsing til jubilanten. Knut Olav Myklebust vart utnemnd til bondevenn for sitt positive bidrag til laget som medlem.
Maten var pinnekjøt frå Gilde og pølse frå Friheim Gardsmat. Dessert var riskrem i raud saus. Flott tilberedt av Hanne Bakke Berntsen og Klara Bakke. Festen vart leia av Sigurd Børve.
Styret i jubileumsåret. Leiar: Stian Haugland. Nestleiar: Eirin R. Kjærland. Kasserar: Johannes Haugland. Studieleiar: Ingvill E. M. Fjellandsbø og skrivar: Hans Reidar Kjærland.
Tekst/foto: Hans Reidar Kjærland Nett: Kristian Bringedal