I mai i år skreiv uskedalen.no om 71 grader Nord og opptak i Kvinnherad og i Uskedalen. Tysdag kveld fekk vi sjå programmet med innslag frå Holmen, frå Eidsvik på Snilstveitøy og frå korleis gruppene tok seg fram frå Rosendal til turmåla med innlagde oppgåver. Programmet har med kjendisar frå idrett og kultur.

Lag 1 finn avkøyringa til Holmen. Ulvanoso i bakgrunnen.

Lag ein tok seg fram til Uskedalen på sykkel. Målet var Holmen der ein rigga seg til for overfart til Skorpo på brett. På turen fram til Uskedalen var dei rundt Omvikdalen med innlagde oppgåver som var sauesanking og saftpressing. Frå Vågen på Skorpo gjekk turen vidare til Mjødnasund og vidare til Eidsvik.

Klar for padling til Skorpo på brett.

Lag to padla frå Rosendal til Eidsvik, vidare til Mjødnasund og Vågen. Laga skulle møtast på halvvegen. For dei som ikkje fekk sjå programmet frå Uskedalen, kan sjå det i reprise eller finna det på TVNorge arkiv.

Programmet er ein norsk realityserie som har gått på TVNorge sidan 1999. I denne serien skal ei gruppe deltakarar ta seg frå Lindesnes til Norkapp. Turen er inndelt i fasar der ein av deltakarane vert sendt heim i kvar episode. Vinnaren får ein Skoda elbil.

Lending i Vågen på Skorpo, slippen til Ole Kristoffer.

71 grader Nord har vore i Uskedalen ved fleire høve, mellom med opptak frå klatring i Ulvanoso og med overnatting på toppen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå sendinga