Frå nyttår blei det slutt på turkorta i papir i Uskdal Fjelltrim. Då blei den heildigital etter ein prøveperiode i haust. I januar var det 71 deltakarar som lasta ned appen Postkassetrimmen og melde seg på trimmen. Dette talet vil nok auka betydeleg utover året. I prøveperioden i haust var det 87 deltakarar.
Bildet over er tatt frå det mest besøkte turmålet, kalkestasjonen.

Flåtene er eit populært turmål.

Å melda seg på Uskedal Fjelltrim er svært enkelt. Det er berre å lasta ned appen Postkassetrimmen og følgja dei enkle instruksjonane. Viss ein har betalt medlemskap i Uskedal idrettslag, treng ein ikkje gjera meir. Den er gratis for medlemmane. Viss ikkje, vippsar ein 50 kr til 133 436(Uskedal idrettslag).

Det er 14 turpunkt innlagt i trimmen, og når ein besøker eit av desse sjekkar ein berre inn med eit tastetrykk så er ein registrert og har fått poeng. Viss ein ønskjer det kan ein også senda inn bilde. Appen held heile tida deltakarane orientert om korleis dei ligg an i fjelltrimmen og har også kart som viser kor ein er i forhold til turpunkta.

Trimmen er eit flott og motiverande tiltak frå turgruppa i UIL. Den gjer det endå litt kjekkare å ta seg ein tur.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland