I januar hadde 7.klasse eit filmprosjekt der dei fekk innblikk i korleis det er å laga film. Instruktør var filmskaparen Merthe Offerdal Tveit. Ho hadde ein skuledag saman med elevane, men i forkant hadde elevane valt prosjekt, planlagt og førebudd i samarbeid med kontaktlæraren deira, Åse Myklebust Neset, og filmskaparen. Dei valde å presentera noko av historia til Gamleskulen i filmen.

Skjermdump frå filmsida

I filmen vert først Bjørgulv Eik intevjua om skulekvardagen sin. Han byrja på skulen i 1939, og han gjekk dermed på skulen i ei svært dramatisk og spesiell tid, – nemleg under krigen. Bjørgulv fortel interessant om korleis det var å gå på skulen for rundt 80 år sidan.

Thor Inge Døssland var blant dei siste elevane som gjekk på Gamleskulen. Han fortel om overgangen etter 3 år på Gamleskulen via 2 år på Gamlekopen før han byrja på den nye skulen hausten 1969.

Begge fortel om livet i skulestova og om aktiviteten i friminutta, og sistnemnde tek også med overgangen til nyeskulen. Dei blir intervjua av Nora Hjønnevåg og Linnea M. Ripel. Begge gjer ein flott jobb der dei stiller tydelege og gode spørsmål på ein narturleg måte, og med ledig og god dialekt i språkføringa. Innhaldet i intervjua blir krydra med fine, gamle bilete og illustrerande tablå framført av nokre av elevane. Andre elevar hadde meir tekniske oppgåver.

Det er eit viktig og godt lokalhistorisk prosjekt 7.klasse-elevane, Åse M. Neset og Merthe Offerdal Tveit har levert. Det er interessant i dag, men det blir meir og meir verdfullt i åra som kjem.

Sjå fimen her:

lokalfilm.com finn de også filmar som er laga tidlegare: Om gamleskulen på Haugland og intervju med Hjørdis Holgersen på Sanden.

Tekst, arkivfoto og nett: Kristian Bringedal
Skjermdump: Thor Inge Døssland