Ei busslast frå Tysvær kom til Uskedalen i dag i 12 tida. Tove Høgemark, med fast ferieplass i Uskedalen, har over lang tid vore turleiar i LHL Tysvær/Bokn. Ho har erfaring med turar i inn- og utland. No var turen kom til Uskedalen. Etter ein tre timars tur frå Aksdal med eit kort stopp på Åkrafjordtunet kom turfylgje via Odda fram til Kvinnherad. Då smakte det godt med betasuppe, laga og servert av Trond Fosshaug og Liv Astrid Myhre.

LHL gruppa fekk møta Marit Hjønnevåg, dagleg leiar på Hjønnevåg.

Bygdevandringa gjekk til Hjønnevåg med orientering og smakspøver, Olsen traktorsamling og vidare opp dalen med innlagd stopp på Haugland skulemusum og Friheim Gardsmat. Nokre nytta høve til å sjå og handla i silobutikken til Elins Matgleder. Andre handla både på Hjønnevåg og i Friheim.

Ei gruppe ville oppleva krinsskuen slik den var fram til sentraliseringa på 1960 talt.

Dagen vart avslutta med kaffi, kaker og dessert i Helgheim. Rustne Menn stod for underhaldninga. Gruppa frå Tysvær hadde ein ynskje. Det var å få møta Hans Gertz, – urmaker, optikar og god historieforteljar. Slik vart det. Gertz fortalde levande frå tida som urmakar og optikar, morosame historiar henta frå møte med kundar han hugsar godt.

Hans Gertz kan meir enn å spela munnspel. Her fortel han gode historiar frå eit langt yrkesliv som urmakar og optikar.

Med avreise i 17.30 tida gjekk turen over Ranavik og Skjersholmane tilbake til basen som er Aksdal.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal