Leseplaneten er eit landsdekkande barneblad for born i alderen 6 til 12 år. I det siste bladet finn vi fleire sider med dikt og forteljingar skrivne av 6. og 7. klasse elevar på Uskedal skule. Prosjektleiar har vore kontaktlærar Mona Vetrhus. Til kvart dikt skriv eleven litt om insirasjonen og bakgrunnen for diktet. Dikta handlar om dyr og er illustrerte. I ein eigen spalte skriv Mona Vetrhus tips om skriveprosessen og korleis ein kan koma seg i gang med skrivinga. Sjå kva Mona skriv:

Illustrasjon teikna av Aurora Sofie.

Skriv dikt om dyr. Det kan vera eit dyr du har sett eller om at du sjølv er eit dyr. Skriv om kva dyret ser rundt seg og kva det luktar. Dersom du veit om nokre artige fakta om dyret, så kan du starta med det. Eller du vil skriva om eit møte med dyret. Det lettaste er å skriva om eit dyr du kjenner godt. Det er også lov å skriva om fantasidyr.

Dikt skrive av Thea og av Eva.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile frå barnebladet Leseplaneten