Uskedal Friluftslag er inne i innspurten på årets vedlotteri. No har du sjansen til å vinna 5, 10 eller 15 sekker turr ved, og det berre for ein hundrelapp. Vinnarsjansen aukar for kvar hundrelapp du overfører eller vippsar til Friluftslaget. Kunngjering og trekking på frluftskonserten tysdag 14. juni kl. 18.00. Dersom du ikkje ynskjer å vera med i vedlotteriet, kan du likevel gje ei sjølvvald gåve til arbeidet med drift og utvikling av Stemneplassen. Bruk konto: 3460.07.53659 eller VIPPS: 605565 – merka med vedlotteri eller gåve. Veden kjem frå rydding og skjøtsel på Uskedal Friluftslag sitt friområde i Skårhaug. Takk til Dugnadsgruppa for hjelp. det same til Pål og Steinar Haugland for lån av vedkløyvemaskin.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal