Vedteranskipet STORD 1 er i Sunnhordland med tilbod om dagsturar. I dag gjekk turen frå Sunde, gjennom Høylandssund, Fjelbergsund og attende vest for Halsnøy. 32 pssasjerar løyste billett. Av dei finn vi fire gjester frå Uskedalen i tillegg til HSD entusiasten Harald Sætre. I morgon går turen til Mauranger. Påstiging i Rosendal. Bilete syner ombordstiging på Sunde.

Ove Magne Myhre og Arne Møller var med på dagsturen i Sunnhordland i dag.

Langruteskipet STORD 1 er bygd for HSD i 1913. Ruta var lagt opp med korrespondanse med mindre skip i lokalrutefarten. STORD vart ombygd og forlenga med 3,3 meter i 1931. Nokre år etter det vart dette skipet ein prøvestein for ombygging frå damp til dieseldrift. Det var berre delvis vellukka. Difor vart det med det eine forsøket. Dei andre eldre skipa gjekk til opphogging.

I 1969 var tida ute for STORD. Skipet fekk eit nytt liv som losjiskip i Oslo, fram til ho vart kjøpt og teken heim i 1981 og restaurert attende til dampskip. Brannen i 1987 sette ikkje ein stoppar for Veteranskipslaget Fjordabåten. I 2005 var STORD 1 klar for drift etter eit omfattande arbeid.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Harald Sætre