Gevinsten på 13 tonn grus frå Brødrene Musland må vera den tyngste gevinsten som nokon gong er lodda ut på basar i Uskedalen. Saman med mange flotte gevinstar og gåvekort vart det rekord på Vonheimbasaren i dag. Oppteljinga synte ei inntekt på kr. 25 000,- som går til drift og vedlikehald av forsamlingshuset på Haugland og Musland. Tore Mathisen frå styret er godt nøgd. Han takkar for all støtte, frå dei som har levert gevinstar og frå dei som har vippsa, teke lodd og som kom på basaren. Knapt ein stol var ledig og alle uansett alder koste seg i eit triveleg sosialt lag. Det var tre omgongar med åresal i tillegg til talongbøker og vanleg loddbok. Takk til alle.

Tore Mathisen frå styret for Vonheim leia basaren.
Ikkje ein stol var ledig i dag, på basaren i Vonheim.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal