
30 personar møtte fram til den store vårdugnaden på fotballbanen og i Aktivitetsparken.
Den store vårdugnaden gjekk av stabelen sist laurdag. Dugnadsleiar, Per Korsvold, er godt nøgd med frammøte og alt det gode arbeidet. Han fortel til uskedalen no at frammøte var mellom 20-30 personar, både unge og vaksne. Av dei var10 personar møtt fram frå Rosendal (RTL). Dei plukka småstein, rusk og rask på fotballbanen og utførte vedlikehald på mål.

Arbeid utført elles:
- Rydda i fotballbua og i kjøkkendelen
- Klargjering av ballbingen og område rundt. Litt står att i påvente av dekke og montering av trapp
- Det vart lagt opp av mur ved pumptrack ( Sjå bilete på topp )
- Montering av rekkverk ved skaterampe
- Generelt vedlikehald
- Ny klatretrapp på steinane
- Plukka søppel og kosta heile område
- Matservering til alle frivillige
Stor takk til alle, ikkje minst takk til SPAR som sponsa med kaffi, saft,bollar og vafler.




Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Per Korsvold