2021: Eit godt driftsår i Uskedal Båtlag - attval på styret.
Uskedalen Båtlag hadde årsmøte på Stemneplassen i går, tysdag 15. mars. Årsmeldinga syner at 2021 har vore eit godt driftsår. Det var normalt frammøte til årsmøte og stemninga var positiv. Styret fekk gode tilbakemeldingar for ryddig og god økonomi, og for vedlikehald av hamna
Sitjande styre tek attval for eit nytt år.
Styret for 2022 er:
- Hans Gustav Mussland – styreleiar
- Edle Lomheim – økonomi
- Jan Henrik Hansen – styremedlem
- Jostein Hauso – styremedlem
- Leif Jarle Bergstø – styremedlem
- Varamedlemer er: Egil Myhre og Sigurd Myklebust
Tekst/foto/nett: Meldar / Kristian Bringedal