Både Teigen Bygg & Trelast og Lio Sag & Treforedling kan syna til gode driftsresultat i 2020. Begge verksemdene har daglege leiarar frå Uskedalen. Therese Haugland Bondhus ( 38 ) har vore tilsett i Teigen Bygg & Trelast frå 2012, dagleg leiar frå våren 2020. Rune Myklebust (62 ) er eigar og dagleg leiar i Lio Sag & Treforedling. Byggfirma har lager og utsal både på Seimsfoss og på Husnes. Fjoråret var eit godt år i byggebransjen, både når det gjeld omsetnad og driftsresultat. Bilete syner Therese Haugland Bondhus, dagleg leiar i Teigen Bygg & Trelast AS.

Rune Myklebust kan syna til eit godt årsresultat i 2020.

Teigen Bygg & Trelast kan syna til ein omsetnd på 76,984 millionar kr. Dritsresultat: 1.342 mill kr. Lio Sag & Treforedling har ein omsetnad på 30,154 mill. kr og eit årsresultat på heile 5,880 mill. kr. Koronasituasjonen er truleg ein viktig faktor der mange har vore meir heime og lagt ned store investeringar i nybygg og renovering. 2021 ser også ut til å bli eit godt år i byggebransjen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringdal