Det var nær på rekordframmøte på Kvinnhetad Senioruniversitet i dag. I overkant av 200 menneske møtte fram for å få vita meir om bruken av framtidsfullmakt og vergemål. Med bakgrunn i det store frammøte, vart det lagt opp til to førelesingar, kl. 11 og kl. 12. Synnøve Handeland er jurist og hatt mange oppdrag i samband med oppretting av slike fullmakter. Framtidsfullmakt vert brukt når du ein gong kjem i den situasjonen at du ikkje kan hjelpa eller ta vare på deg sjølv. Det kan til dømes vera ved demens, kritiske trafikkulukker eller hjerneslag. Fullmakta vert iverksett ut frå ei vurdering og når situasjonen tilseier det. Bruken av framtidsfullmakt er tufta på Vergemålsloven.

Jurist Synnøve Handeland framførte ei strukturert og innhaldsrik førelesing om bruken av framtidsfullmakt og vergemål.

Til skilnad frå bruken av verge, er framtidsfullmakt, noko du avgjer sjøl. Verge vert iverksett av andre. Fullmakta skal vera underskriven av to vitne. Det er ikkje formelle krav til innhaldet, men det føreligg ein god mal på vergemaal.no. Bruk denne malen. Ta med det som er viktig for deg og dei næraste i familien. Straks fullmakta er teken i bruk, kan den ikkje trekkjast tilbake. Eit unnatak kan vera i dei høve der fullmektig ikkje fungerer eller misbrukar si oppgåve.

Synnøve Handeland kom inn på skilnaden mellom bruken av framtidsfullmakt og vergemål. Det var ynskje frå salen om same tema på eit anna møte, men då med overskrifta arv og testamente.

Eit titals personar frå Uskedaøen var med på samlinga i dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal