Om lag 200 bøker av eit opplag på 400 eks. er gått ut frå lager så langt. Ikkje alle er selde. I talet finn vi også bøker til sponsorane og til dei som har tinga boka på førehand. I dag er boka “Med von om ei betre framtid” lagt ut på SPAR Uskedalen. Bokhandelen i Rosendal og på Husnes vil ha boka i butikken no før helga.

s. 78 og 79 i boka Med von om ei betre framtid. Utvandringa frå Uskdalen til Amerika 1849 – 1966.

Historielaget er svært takksame for at leiinga og betjeninga på SPAR Uskedalen sel boka utan provisjon. Det er ei viktig teneste dei yter til laget. Boka kostar 450, – kroner og kan betalast med vipps 76 38 03 og merkast med Utvandrarbok og namn.

Medlemmer kan ikkje kjøpa bok til medlemspris på SPAR. Då må dei kontakta ein i styret/skriftstyret (93 28 82 37). Spar har framleis igjen “Den nære fortida” 2 og 3. Bøker er jo glimrande julegavetips.

Tekst/foto/nett: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal