I dag er det 13. januar og 20. dag jul. “20. dag Knut jagar jula ut” heiter det. No skal vi vera ferdige med jula. Juleølet skal vera drukke opp, og smørambaren skal vera tom. Men kven var denne Knuten? Wikipedia fortel om St. Knut, Knud Lavrans- ein dansk adelsmann som vart slått i hel av broren med øks. (ca 1100). Han vart helgen.

Har du ein primstav, kan du finna teikning av ei øks eller eit omvendt drikkehorn (ikkje meir øl) på denne dagen. Jula skulle ut, og folk, kanskje særleg ungar, gjekk laus med limar og kosta i alle krinkar og krokar – hos naboen og, og då gjerne utkledde.

No er det slutt på jula. Etter denne datoen skal det vera lite att v julepynt. Festen er over. Julematen er oppeten og dei fleste ven seg til kvadagslivet igjen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal