185 takpapprullar er på veg til Ukraina.
Opplastinga av THK traileren i dag gjekk etter oppsett plan. 185 takpapprullar til ein verdi av kr. 250.000,- medrekna moms er med på lasset. Privatpersonar og verksemder har vore med på innsamlinga. 72 rullar kjem frå importøren og Lio Sag og Treforedling. Madrasser, sekker med klede og sko, seng, barnevogner, sykkel var også med på denne hjelpesendinga. Det er avreise frå Haugesund torsdag i denne veka. Tormod Myklebust er sjåfør på denne turen. På bilete ser vi f.v: Vidar Akselsen og Thor Arne Nygård
Turen går fram til Shelm, ein grenseby. Her er det omlasting og ei frivillig gruppe er klar til å få sendinga fram til område kring Korosten. Takpappen vert brukt for å sjå til at folk får tak over hovudet.
THK traileren har sidan nyttår vore sju gonger med hjelpesending. Med innleigde bilar i tillegg har THK stifelsen i Haugesund til saman vore på 22 turar til Ukraina eller ved grensa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal