Vi må langt tilbake i ungdomslaget si soga for å finna eit frammøtetal på 180 menneske på teaterframsyning i Helgheim. Komedien Dreng som duger i to akter, skriven av Jørgen Vikør frå Norheimsund i 1934, var eit populært stykke i ungdomslaget på 1960 og 1970 talet. Ei ny framføring var klar til Bjørgulv Eik sin 90 års dag 11. november i fjor. Framføringa i kveld var ei ekstraframsyning noko alle sette stor pris på. Bjørgulv Eik med sin alder, i hovudrolla som dreng, var imponerande og den oppfinnsame og morosame drengen vart tolka på ein meisterleg måte. Familien Vikør var invitert og kom til Uskedalen. Brorson til Jørgen Vikør, Steinar, sa fram helsing og fortalde om onkel sin. Bilete syner inviterte gjester.

180 menneske på teaterframsyning i Helgheim.

Steinar Vikør vaks opp med Jørgen.. Han kalla seg berre for farbror, ikkje onkel. Frå 1936 og fram til Jørgen bygde eige hus 1946, budde dei under same tak. Jørgen Vikør var fotograf og forfattar. Syskenbarnet hans, Alfred Vikør, var også fotograf. Alfred er meir kjend. Han reiste rundt og mange av landskapsbileta frå Kvamskogen og Tokagjeldet er hans motiv.

BJørgulv Eik ( 90 år ) helsar på Steinar Vikør og kona hans.

Jørgen Vikør skreiv eit titals bøker for vaksne. Han skreiv også barne- og ungdomsbøker i tillegg til tre skodespel. To av dei, På Listøl og Dreng som duger, var begge populære framsyningar i ungdoms- og amatørteaterlag. Vikør gav ut bøkene sine på kristne forlag som Lunde og Ansgar. Han argumenterte for ein kulturopen kristendom. For romanen Gjennom framandt land i 1952 fekk han Melsomprisen. Jørgen Vikør var musikkinteressert. Han starta det fyrste strykeorkestret i Kvam og var i 9 år dirigent for musikklaget i bygda.

Amatørtetargruppa til Uskedal ungdomslag. F.v: Magne Eik, Hans Reidar Kjærland, Møyfrid Kristoffersen, Randi Ljosnes, Gunvald Friheim og Bjøgulv Eik.

Familien Vikør takka for invitasjonen og var svært takksame for den merksemda Jørgen fekk ved denne framføringa. Det er ei stor oppleving å ta med seg. Det er noko ein vil snakka lenge om og minnast i familien.

Etter framsyninga var det teaterkafe i kjellaren.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal