
18 verksemder skriv uttale om nedlegging av Uskedal Brannstasjon.
Når politiske vedtak ikkje blir følgt opp av administrasjonen, svekkjer det tilliten til det demokratiske systemet – både blant folkevalde og innbyggjarar. I tilfellet med Uskedal brannstasjon, vedtok kommunestyret i juni 2020 at stasjonen skulle vidareførast og styrkast. Det blei også uttrykt at dette skulle gjerast med rimelege tiltak innan eksisterande bygningsmasse.
Likevel opplever vi no at administrasjonen igjen foreslår nedlegging – utan at vedtaket frå juni 2020 er følgt opp eller kostnadsberekningar for nødvendige tiltak er lagt fram, slik kommunestyret bad om.
Viktige moment i vurderinga:
Det er store og usikre kostnader knytt til brannsjefen sin handlingsplan, som manglar oversikt over prioriteringar og detaljerte kostnader.
Estimat på 158 mill, utan at det er klart kva som faktisk er inkludert. Dette er ikkje godt nok grunnlag for politiske vedtak.
Allereie oppgraderte stasjonar som ikkje lenger oppfyller krav – dette reiser spørsmål om planlegginga. Kva er konsekvens og status for Arbeidstilsynets pålegg frå 2016 ?
KBR har vesentleg fleire helse- og politioppdrag enn landsgjennomsnittet, fordi dei ofte er raskare på staden enn andre etatar. Dette viser at dagens struktur fungerer og utgjer ein viktig tryggleik for innbyggjarane.
Beredskapsanalysen viser og at fjerning av stasjonar kan føre til seinare innsats – noko som i verste fall kan koste liv.
Køyretest Rosendal – Uskedalen (til grensa – Syne på Rød ) med sekunds marginar er eitt av argumenta for å leggja ned Uskedal brannstasjon. Dette strider mot DSB sine krav til utrykningstid som skal vera til hendelsesstaden. På vinterstid vil ein heller ikkje nå grensa til Uskedal innanfor 20 min.
Kommunen satsar på folkevekst, nye bustadfelt og fleire eldre som skal bu heime lengre. Då må ein sikre framtidig tryggleik og beredskap i tråd med kommuneplanen og samfunnsutviklinga – ikkje ved å leggja ned brannstasjonar.
Uskedal brannstasjon ligg strategisk plassert mellom Rosendal og Husnes og er ein viktig ressurs ved større hendingar.
Å leggja ned Uskedal brannstasjon vil svekka beredskapen og tryggleiken i ein veksande kommune.
Vi forventar:
At Uskedal brannstasjon vert vidareført. Før det blir gjort vedtak må det leggjast fram realistiske og detaljerte kostnader, og det bør også vurderast kostnad med ein ny brannstasjon i bygget som Fronta Gruppen planlegg på Børnes.
Vedtak i kommunestyret er kommunens høgaste politiske avgjerder og skal vera styrande for administrasjonen. Når dette ikkje skjer, må det adresserast og korrigerast.
Vi forventar at de som folkevalgte krev at vedtak av juni 2020 blir tatt på alvor og at administrasjonen leverer det som er bestilt – før nye omstruktureringar blir vurdert.
Uttalen vert sendt til PTM utvalet, Kvinnherad formannsskap og Kommunestyret.
Med venleg helsing
Eidsvik & Selstad Eigedom AS, Br. Musland Maskin AS, Auto 88 AS, Øyro Marina og Camping AS, S.Rødsten Bilforretning, Spar Uskedalen, Haugland Mjølk & Maskin DA, Selstad AS, Gro`s Blomster, Langeservice AS, S-Service AS, Uskedal Båtlag, Brødrene Hjønnevåg AS, Thord Paulsen AS, Rabben Feriesenter AS, Runar Myklebust Transport,Vest Bilutleige AS, Husnes Sandblåsing & Sprøytemaling AS.
Tekst: Pressemelding Foto/nett: Kristian Bringedal