Styringsgruppa for 17. mai ved Kristian Helgesen, Madeleine Kaldestad og Lisbeth Døssland var med på møte i Uskedal Utvikling for to veker sidan. Tema var aktivitetar og oppsett av eit årshjul som syner alt som skjer for kva månad i året. Styringsgruppa orienterte om status i arbeidet med årets 17. mai.

Med nedgang i elevtalet er det langt verre å få FAU til å gjera ein god jobb. Det same gjeld å få nok konfirmantar til å stilla i flaggborga. Det kan også vera vanskar med årskulla som skal gå inn i komiteane.

Styringsgruppa har kontroll i år, men signaliserer at det trengst mobilisering om ein skal få til ei fin og verdi 17. mai i åra framover. Bruk av Stemneplassen i fjor i finveret var vellukka. Ein legg opp til same modellen i år. Friluftslaget tek ansvar for klargjering av plassen og mykje av den praktiske gjennomføringa på Stemneplassen.

Men, som sagt før: Styringsgruppa treng frivillige i komiteane. Meir om dette kjem i innlegg seinare.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal