17. mai i Uskedalen vert i store trekk gjennomført slik det har vore dei siste åra. Det er lagt inn nokre justeringar. Talen for dagen er tilbake i Aktivitetshuset på ettermiddagen, frå kl. 14.00. Ein prøver også å ta inn litt tid frå gudsstenesta er slutt kl. 12.00 til Minnemarkering tek til ved Bautasteinen kl. 12.15.

Stemneplassen er lagt inn med minnetale ved bautaen, musikk, song og konkurranse med tautrekking. Uskedal friluftlag vil nytta den korte tida til issal.

Folketoget går vidare til Aktivitetshuset der det vert festprogram og leikar for born og vaksne. Her vert det som vanleg musikk, song, matsal og tale for dagen. Talaren vert kunngjort i eige innlegg på uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Akrivfoto