Tale for dagen - redaktør Håvard Sætrevik.
Redaktør i Grenda, Håvard Sætrevik, held talen for dagen i Uskedalen på 17. mai. Sætrevik er 51 år, gift, far til to jenter som er høvesvis raudruss og 10. klassing. Han har budd i Rosendal heile dette årtusenet, og har jobba i Grenda like lenge. Håvard har vore redaktør nær på 17 år og har såleis mellom anna fått følgja mange lokalval på tett hald. Mange kjenner Håvard Sætrevik frå fotballen, både som aktiv spelar på Rosendal (lenge Rosendal/Uskedal) til 2011, og som trenar for lag i klubben meir eller mindre samanhengande i over 20 år. Uskedalen.no spør om han vil “letta litt på sløret” om innhaldet, men det må vi venta med.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Petter Jacobsen