Alt ligg vel rette for ei fin og verdig 17. mai feiring. Styringsgruppa og nemndene har alt på stell. Det er trass alt tre år sidan det var ei tradisjonell 17. mai med eit fullstendig program. Programnemnda oppmodar alle om å kjøpa program, anten på SPAR eller på Gros blomster. Her finn du all den informasjon du treng med tidspunkt, innslag og nasjonalsongane. Om vi samanliknar programmet med gjennomføringa i 2019, finn vi nokre justeringar. Les meir

  • Det som før var ca. tider, er no skrive med nøyaktige klokkeslett
  • Leikar for born og vaksne på skulen tek til kl. 14.00
  • Frå same tidspunktet er det sal av mat og drikke i Aktivitetshuset.
  • Mat- og salskomiteen gjer merksam på at det ikkje er sal av rømmegraut i år. Årsaka skal vera mangel på frivillige hjelparar. Det er mogeleg å få kjøpt varm pølse i brød, kake, kaffi, is, brus og saft
  • Uskedal musikklag skal vera med i Festprogrammet frå kl. 15.00 – dei er utelatne i det trykte programmet
  • Det vert ikkje bilkortesje i år.

Med dette skal alt vera klart for nasjonaldagen, eit Noreg i raudt, kvitt og blått. Hugs flagget !

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal