Porgramgjennomføring og det gode frammøte til 17. mai i går tyder på at samfunnet har lagt pandemien bak seg og at vi tilbake der vi var for tre år sidan med barnetog, leikar, minnemarkeringar, gudsteneste og festprogram. Asle Reime sa til opning i talen sin at Uskedalen har vore og er ei bygd i rivande utvikling. Han minnest oppveksten sin i ei bygd med eit rikt lagsliv og eit variert næringsliv. Han kom vidare inn på det som er grunnlaget og rammevilkåra for eit velordna samfunn og som gjer Noreg til eit godt og trygt land å bu i. Reime avslutta den gode talen sin med å lesa diktet Hvert barn er enestående, skrive av ein libanesisk forfattar. Bilete syner Asle Reime saman med festleiaren i Aktivitetshuset, Ebba Hermann Fossli, og jenta med blomane, Erle Marie Korsvold.

Elevar frå 5. klasse las diktet Ved Bautasteinen skrive av Olaf A. Gausvik.

Musikklag, skulemusikk, kor, prest, organist, leikane, flaggborg, minnetalar, kranse- og blomenedleggingar, kake- og pølsesal og nasjonalsongane, ja, alt var på plass slik det skal vera på Nasjonaldagen. Styringsgruppa og dei ulike nemndene kan vera godt nøgde med årets 17. mai i Uskedalen.

Putekrig er ein av mange leikar og aktivitetar på 17. mai.

Vel blåst !

Folketoget gjekk over Dønhaug og fram til Stemneplassen – vidare til skulen og Aktivitetshuset.

Skulemusikken med sin dirigent Tor Skeie Olsen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal