I dag tidleg kom det langtransportbilar frå Rådalen i Bergen til Uskedalen med asfalt til Eikevegen. Alt kl. 12.00 var berelaget på plass. Det neste no er utlegging av eit slitelag, til saman 160 tonn. Det er asfaltfirma VELDE som gjer jobben for entreprenøren HERDE. Deler av Eikevegen har ei tid vore stengt for trafikk.. Årsaka er Uskedal Vassverk sitt arbeid med ny hovudvassledning frå vassbehandlingsanlegget på Sørestølen ned til Fylkesvegen. I tida vegen har vore stengt, har det vore omkøyring via Padlaporsen. Dei siste to vekene har det vore mogeleg å ta seg fram på grusa veg. Innan utgangen av dagen skal Eikevegen vera klar for trafikk på ny asfalt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal