Det må seiast å vera historisk då det i dag vart sett igang ny skogplanting i lia under Englafjell, om lag 70 år etter den fyrste plantinga på 1950 talet. I regi av AT skog og Søre Kvinnherad Skogeigarlag starta plantinga i hogstfelet på Døssland og Fet. Kravet er at innan tre år etter hogst, skal det plantast på nytt. Meir enn 40 ungdomar frå TRIO sitt gutelag G19 møtte kl. 09.30, saman med foreldre og andre i støtteapparatet. Kristine Frøystein Reime leia og organiserte arbeidet. Ho er også styreleiar i Skogeigarlaget.

Ungdomen jobbar to og to. Den vaksne står for transport og etterforsyning.

TRIO sitt G19 lag samlar ungdom i alderen 17 – 19 år frå Utåker i sør til Rosendal i nord. Skogplanting er ein betalt jobb. Inntekta går til reise og deltaking på Norway Cup. Grunneigrane betaler kr. 4,90 pr. plante og gutelaget har tidlegare mellom anna vore på planting på Utåker og på Hauso i Hardanger. AT skog leiger Kristine inn for å organisera plantinga.

Kristine Frøystein Reime leiar og organiserer arbeidet.

Planting i bratt terreng kan vera tungt og krevjande. Alle har eit to timars kurs før dei slepp ut i lende. To og to jobbar saman, ein lagar hol med plantespettet og ein plantar. Den som plantar ber plantene i eit plantebelte eller i ei bøtte. Dei vaksne medhjelparar står for etterforsyning.

Før start går Kristine gjennom reglementet og HMS relane i bratt terreng. Det skal vera 2 meter avstand mellom planten. Mijøfaktoren med grøne planter og karbonfangst vert understreka, i tillegg til tømmerverdien 50 år fram i tid. Den lokale skogforvaltaren kjem på inspeksjon. Pengane vert ikkje utbetalt før etter tilsynet.

Klar for skogplanting i regn og bratt terreng.

Totalt kan denne plantinga i Uskedalen gje TRIO G19 ei inntekt på rundt rekna kr. 70 000,-.

Kl. 12.30 var det pause med servering av pizza og frukt. Frukta var sponsa av SPAR, Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal