
14 lag var med på SPAR HeioCup 2025.
I år var det 14 lag som deltok på Heiocup, jenter og gutar i årsklassane 17 og 18. Det er kjekt å sjå mykje fotballglede blant barn og vaksne. Vi hadde ein herleg gjeng i kiosken, som selde brus, kaffi, is, vafler og pølse i brød. To rutinerte parkeringsvakter tok seg av trafikken.

Fotballgruppa vil også gi ein ekstra ros til dommarane våre, Sina, Iver og Ola. Dei hadde full kontroll heile tida.
Tusen takk til alle som hjelpte til slik av ein kunne gjennomføra cupen på meisterlig vis.
Tekst/foto: Tina Skår Nett: Kristian Bringedal