Den årlege sommarleiren i regi av Friluftsrådet Vest starta i dag. Veret var ikkje det beste, men det hadde ikkje noko å sei for interessa og aktivitetane. Etter innføring og nokre inneaktivitetar var gruppa på fjorden i kano. Dei 14 unge deltakarane fekk oppleva natur og kultur på nært hald. Mellom anna la dei kanoturen gjennom Holmsund, under betongbrua.

Gjennom Holmsund.

I morgon, tysdag, held sommarleiren fram med eit aktivt og variert friluftsliv. Sommarleiren vert avslutta på onsdag. Velsmøy Haugland er ein av instruktørane. Tysdag vert det klatring og kajakk.

I tillegg til Veslemøy Haugland er desse med som instruktørar: Solveig Haugland, Kristine Tveit og Anna Framnes Thorsen. Sverre Myklebust har ansvar fór kajakk og Christoffer Fossli for klatring.

Matøkter ute.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Veslemøy Haugland