Bygdadagen var ein god dag for Uskedal Ungdomslag. Laget fekk heile 13 nye medlemer. Fleire kan koma til. Anita Enæs skriv på Facebook at mykje folk var innom standen, så mange at ein ikkje hadde nok lappar til alle. Mange ville tippa talet på Twist i krukka. Jan Henrik Hansen og Ebba Hermann-Fossli traff blink med 81 Twist totalt. Dei vann kvar si gratis overnatting på Fjelly. Bilete syner sentrale personar i Uskedal Ungdomslag og lagshytta Fjelly. F.v: Magnhild Haugland, Anita Enæs, Ingrid Gundersen og Ivar Gundersen.

Mange ville høyra meir om Fjelly og kva ein må ha med for å overnatta der. Det er faktisk berre sengkle eller sovepose. Du treng ikkje vera medlem for å leiga hytta. Men dersom du er medlem, har du overnatting til redusert pris. Nokre spør om familiemedlemskap, noko ein skal finna meir ut om i Noregs Ungdomslag. Styret i ungdomslaget takkar LivOGLyst for ein fin dag. Vi satsar på at det blir ny Bygdadag til neste år.

Tekst: Redigert frå FB Uskedal ungdomslag
Foto/nett: Kristian Bringedal