120 sekker kløyvd ved på vel fire timar.
10 menn frå Dugnadsgruppa brukte litt i overkant av fire timar i dag på å kløyva og gjera klar 120 sekker ved. Veden, som er av bjørk, osp og bøk, er hoggen på Uskedal Friluftslag sitt friområde i Skårhaug. Arbeidet er med og sikrar ei god inntekt til det arbeidet Friluftslaget gjer med renovering av Stemneplassen. Arbeidsgjengen i dag hadde tilgang til to vedkløyvarar, lånt frå gode støttemedlemer. Arbeidet gjekk unna med ei god arbeidsfordeling i gruppa. Med dette er Friluftslaget sikra ved til fleire vedlotteri. Lotteri 1 vil ha trekking på opningdagen for den nye turvegen, sundag 7. mai. Lotteri 2 vert trekt i august på sommarkonserten på Stemneplassen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Dugnadsgruppa