
12 konfirmantar, ny prosesjonskross og ei fullsett kyrkje.
Mykje folk var samla til konfirmasjonsgudsteneste i dag. 12 konfirmantar i finaste stasen fekk ein minnerik dag der overgangen barn – vaksen vart understreka i talen til presten, i tillegg til bodskapen om at konfirmasjon er stadfesting av dåpen og det å halda fast på trua. Eit fast innslag i ei konfirmasjonsgudsteneste er bøn for kvar einskild konfirmant. Alle fekk hanskrive bønekort, ikkje ferdigkjøpt slik det ofte plar vera. Kyrkjebok og rose er gåva frå soknerådet.

Konfirmantane er den fyrste gruppa som er med på bruken av ny prosesjonskross. Uskedal kyrkje har ikkje hatt prosesjonskross, berre i einskilde høve lånt frå andre kyrkjer. No er krossen på plass, laga av Ståle Eik. Meir om prosesjonskrossen vil koma i eige innlegg.

I dagens gudsteneste song Rebekka Attramadal og Kjetil Kringlebotten duett, ein vakker salme frå Norsk salmebok.
Namna på konfirmantane finn du i eige innlegg på uskedalen.no 25.04.23.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø