Dersom ein legg på ei lyslekkje til på 100 meter, så er ein komen fram til Inger Lise Voll sitt hus. Då er det ikkje lange stubben att fram til P plassen.Mange legg turen over Skårhaug på kveldstid, mellom anna for å sjå og oppleva julestemning.

Legg turen over Skårhaug og kom i julestemning.

På toppen er det vakkert utsyn mot sentrum med Julegrana og til Eik/Steinsletto. Med støtte frå Uskedal Utvikling let det seg gjera å få kjøpt inn og montert lyslekkja. Dugnadsgruppa stod for all montering og arbeid i terrenget. Naboen Siren Simonnes hjelper til med straum.

Nissekassen er på plass på toppen. Legg teikningar, kort og juleynskje i kassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal