
Ti sommarvikarar på Kvinnherad Vekst - viktig plass for ungdom.
Det er totalt 10 sommarvikarar på Kvinnherad Vekstbedrift, fordelt på Retroen på Husnes og Vaskeriet i Uskedalen. Det er med andre ein viktig arbeidsplass for ungdom som ynskjer sommarjobb. Uskedalen.no fekk møta fem av dei i dag. Fire er nye i jobben. For Torbjørn Haugland er det 4. sesongen. Sommarjobben varer stort sett i fire veker.

Arbeidsoppgåvene på Kvinnherad Vekst, avd. Vaskeriet, er varierte. Alle må kunna litt av alt:
- Bretting
- Pakking
- Sortering
- Vask/ Tørking

Malin Stølsvik er ny i denne jobben. Ho skal byrja på vidaregåande skule på Austevoll, fiske og fangst. Lotta Nilsen Mathisen skal gå siste året på ungdomsskulen. Andrea Røssland skal gå på Stord vidaregåande skule. Trym Sæle er også ny som sommarvikar.
Arbeidsdagen tek til kl. 07.30. Slutt: kl. 15.00.
Har du sommarjobb som vi bør skriva om, ta kontakt.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal