Dugnadsgruppa møtte i dag med 10 menn, enno ein gong med arbeid for gode føremål i bygda. To av dei køyrde til Heio og gjorde førefallande arbeid på idrettsbanen. Resten av gruppa starta arbeidet med skraping, høgtrykksspyling og vasking av kyrkjegardsgjerde. Det er eit tidkrevjande arbeid. Noko arbeid står att før ein kan gå i gang med målinga. Deler av statikkgjerde er i dårleg forfatning. Det gjeld særleg den delen der det er hekk på baksida. Soknerådet og tilsette på kyrkjekontoret er svært takksame for arbeidet Dugnadsgruppa har gjort i dag. Det lettar arbeidet vidare fram mot eit nymålt gjerde. Bilete syner Lars Myklebust og Leif Viken i arbeid med skrape og høgtrykksspylar.

Kurt Haugland og Svein Rimestad i arbeid med vask av kyrkjegardsgjerde.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal