Den fyrste sommardagen med varme over 20 grader – 1. mai som vart den store friluftsdagen i Uskedalen. Mange nytta høve til å vera med på sykkelrebus, anten rundt dalen eller over Skårhaug. Dei sprekaste gjekk like godt til fjells for å gå på kafe i regi av hyttestyret for Fjelly. Det tredje alternativet var å gå og svara på spørsmål i Uskedal helselag sin hjartemarsj. Arrangørane melder om mykje folk og gode tilbakemeldingar. Fjelly kunngjer på si Facebookside at dei planlegg nytt arrangement på fjellet midtsommars, 22. juni.

Familien Remi Onarheim etter målgang på sykkelrebusen.
Sykkelrebus med to alternative ruter – anten rundt dalen eller over Skårhaug.
Gunn Mari Moberg og Karin Tungesvik med kake, saft og kaffi.
Fjelly Pop-up CafeVideo drone: Hans Ordin Østebø
Fjelly Foto drone: Hans Ordin Østebø
 Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal