Seksåringane er på plass i 1. klasse. Kontaktlærar er Linda Jensen. Assistent er Hege Hauge. Etter ei tid med tilvengjing skal dei seks elevane gå saman med elevane i 2., 3. og 4. klasse. Det samla elevtalet på Uskedal skule er 65. Det må vera det lågaste talet på mange år. For å nytta ressursane på ein god måte, har ein lagt om til ny timeplanmodell. Ein snakkar mindre om klassar, meir om grupper. Difor har ein laga lik timeplan for 1. – 4. klasse og for 5.- 7. klasse med mellom anna parallellagde fag. Det er ingen nytilsette i staben i år. Ein lærar er overført til Omvikdalen skule. Ein assistent har gått av med pensjon.

Her er namna på dei seks elevane i 1. klasse:

  • Maher Mohamed Abukar
  • Jon Kristoffersen Berli
  • Nelly-Karin Haukenes Haugland
  • Olav Lunestad
  • Thilje Myklebust
  • Elisabeth Haavik Tungesvik

Kontaktlærar: Linda Jensen. Assistent: Hege Hauge

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal