Uskedal Ungdomslag
Styret for Uskedal Ungdomslag 2024
Leiar: Anita Enæs, tlf. 99320878 E-post: helgheim5463@gmail.com
Styremedlemmer
Anne Kjersti Lunde
Johannes Feet
Hans Ordin Østebø, representant for Fjelly
Rekneskapsførar: Per Ivar Kårstad
Vaktmeister
Trond Olsen
Utleige av ungdomslagshuset Helgheim:
Ansvarleg for utleige:
Anita Enæs
Tlf. 99320878
E-post: helgheim5463@gmail.com
Prisar:
Sjå Facebook side: Helgheim 2023 – Uskedalen
Aktiviteter
Bingo kvar onsdag kl.1900. Ansvarleg: Karin Tungesvik, Audhild Lie og Anne Karin Myhre.
Ungdomslagshytta Fjelly ved Mannsvatnet
Kort om Fjelly
Fjelly ligg ved Mannsvatnet 565 moh. Det er ikkje veg fram til hytta. Hytta er utrusta med solsellepanel og 12V batteribank for innvendig lys. Det er tilgjengeleg 2,2 kW straumaggregat, 220V AC. Hytta har kaffetrakter, vaffeljern og støvsuger som kan nyttas ved bruk av aggregatet.
I naustet er det aluminiums robåt, diverse redningsvestar, garn og nokre fiskestenger. I naustet er det også ny kano. Alt til fri disposisjon for leigetakar.
Ansvarleg for utleige:
Anita Enæs
Tlf. 99320878
E-post: helgheim5463@gmail.com
Prisar, sjå Facebook side: : Leige av Fjelly
Medrekna i prisen: Overnatting, ved, båt, garn og aggregat.
Bruk av skogsbilveg
Mot avgift til skogsveglaget, kan det kjøras opp til enden på skogsbilvegen. Prisar er:
Til 2. sving på om lag 320 moh. Kr 70,-
Til enden på skogsbilvegen på om lag 580 moh. Kr 100,-
For å kunne kjøre vidare frå 2. sving er det krav om firhjulstrekk.
Skogsvegen vert ikkje brøyta, så ved snø vil det være begrensing kor langt det er rå kjøra.
Biletearkivet
Uskedal Ungdomslaget med Kristian Bringedal som pådrivar, starta registrering av historiske bilete frå bygda på midten av 1970.
Om lag 600 av i underkant 1500 bilete er registrert inn i Kvinnherad kommune sitt biletarkiv. Søk etter bilete i arkivet: Kvinnherad kommune Biletarkiv
Rev. 2024/ hoø