I skulemusikken er det både humør og speleglede.

Uskedal skulemusikk
Uskedal skulemusikk vart skipa 1969 som arvtakar etter Uskedal gutemusikk som slutta av i 1966. Første åra hadde korpset janitsjarbesetning, men minkande medlemstal gjorde at det på årsmøtet i1986 vart bestemt at korpset skulle leggja om til brassband-besetning.

Sjølv om det har vore skiftande medlemstal, har aktiviteten i korpset vore jamnt god. Sviktande medlemstal gjorde at ein i nokre sesongar samarbeidde tett med nabokorpsa i Omvikedalen og Herøysund.

Medlemstal og tilbod
Etter ein bølgjedal har korpset dei tre siste åra vore i ein oppbyggingsfase, og medlemstalet er no 21. I tillegg kjem aspirantar som er elevar i kulturskulen. Desse vert tekne opp i korpset etter 17.mai kvart år.

Tor Skeie Olsen overtok dirigentpinnen hausten 2010 og er såleis i gang med sin tredje sesong. Han arbeider svært godt med det musikalske,og med sitt sosiale og vennlege vesen er han alt blitt svært populær i musikargruppa. Optimismen rår i korpset. I faste instruktørstaben finn vi og den lovande slagverkaren Sindre Aksnes som gjev inspirasjon og kunnskap til dei andre slagverkarane.

I tillegg til det faste øvingane plar korpset å ha to helgeseminar med innleigde instruktørar kvar sesong.

Aspirantopplæringa har gjennom mange år føregått i kulturskuleregi. Tilbod vert gjeve til elevar i 2., 3. og 4. klasse i mars månad. Dei som fortset på instrumentopplæring i kulturskulen etter aspirantperioden, får dekka deler av skulepengane frå korpskassen. Søknadsfrist i kulturskulen er 15.april.

Korpset deltar kvart år på Karmøy Brassfestival i slutten av september , og dei er elles aktive med opptredenar, deltaking på andre arrangement og turar.

Korpset har dei siste åra hatt fleire musikarar i Hordaland Ungdoms Brass Band: Vegard Døssland, Birgitte Hjelmeland, Sindre Aksnes, Kaja Døssland, Eirin R. Kjærland og Lene S. Myklebust. Sindre og Vegard er framleis med i HUBB, og dei er begge svært aktive i mange musikksamanhengar.

Vegard Døssland spelar no også m.a. i Norsk Blåseorkester under leiing av Ole Edvard Antonsen og i eit av landets beste elitekorps Jaren Hornmusikkforrening. Dette året er han og valt ut til å spela i European Youth Brass Band som einaste norske kornettist.

Korpsleiinga legg i tillegg til det musikalske stor vekt på sosiale aktivitetar som den årvisse grautfesten før jul, filmkveldar og anna.

Gjennom god undervisning, og sosiale tiltak er skulemusikken eit godt fritidstilbod til dei unge i bygda. Her kan ein trygt seia at dei lærer for livet. Dei får med seg noko som dei vil ha både nytte og glede av seinare.

Skulemusikken opplever svært god støtte frå bygdefolket. Dette ser ein m.a. på loddkjøp, støttemedlemsskap og gåver. Ein fin måte å støtte korpset på er gjennom grasrotandelen (https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/). 74 personar støttar pr. i dag opp om korpset på denne måten.