Knapt 40 har registrert seg på den nye turtrim-appen.
Appen Trimpoeng kan gje motivasjon til å ta ein fin tur.
Viss noko slit med tung dørstokkmil, kan det vera lurt å registrera seg på den nye turappen som turgruppa i Uskedal Idrettslag har investert i, Trimpoeng. For dei motiverte er den til god hjelp til å arkivera og laga oversikt over turaktivitetane. Etter at Uskedalssida skreiv om Trimpoeng som no erstattar Postkassetrimmen som var tidlegare, har 39 registrert seg på Uskedal Fjelltrim. Veret har ikkje vore det beste denne veka, så det bør bli mange fleire.

Trimpoeng har dei same 15 turmåla som var i Postkassetrimmen. Her er noko som er tilpassa for alle frå lette turar som gjev 3 poeng til krevjande turar som gjev opp til 12 poeng. Alle gjev velvære og ei god kjensle, – godt for både kropp og sjel.
Registreringa er enkel. Ein lastar berre ned appen Trimpoeng på mobilen og finn Uskedal Fjelltrim, og så går resten mest av seg sjølv. Registreringa av turmåla er veldig enkel, og det gjer du når du er der. I tillegg til turmåla finn vi både kart, ranking og innlegg med bilde som dei som ønskjer det, legg inn når dei er på tur. Dette er gratis for medlemmer av Uskedal Idrettslag, medan andre må betala 50 kr. Det er billeg for å få betre helse!
I skrivande stund ligg underteikna på ein flott, delt 14. plass blant dei 39 som har registrert seg. Målet for alle andre bør vera å få han mykje lengre ned på lista. Det klarar dei nok.
Ordninga med Trimpoeng er, etter det eg kjenner til, ei prøveordning for idrettslaget dette halvåret. Det kostar ganske mykje, og interessa saman med ei evt. økonomisk støtte vil nok vera avgjerande for om det vil fortsetja. Det må vi håpa på, for det er utvilsamt eit viktig tiltak for å betra folkehelsa både fysisk og psykisk.
Det vil nok vera til stor hjelp for idrettslaget om vi informerer om Trimpoeng både i samtale, på sosiale medium og på andre måtar.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto