Appen Trimpoeng har erstatta den tidlegare Postkassetrimmen.

Tidlegare hadde vi appen Postkassetrimmen som var svært populær og hjelpte til å få mange ut på både korte og tøffe turar. Dette blei det slutt på då den som stod bak appen, måtte leggja ned appen på grunn av mykje dugnadsarbeid.
No er endeleg erstattaren klar. Turgruppa i Uskedal Idrettslag har no investert i å bruka appen Trimpoeng. Foreløpig er dette ei prøveordning det komande halvåret, men dei håpar å få økonomisk støtte slik at dei kan halda fram med dette viktige folkehelsearbeidet.
– Det er dei same turmåla som var på Postkassetrimmen, Trimpoeng er grei å bruka, fortel Steinar Haugland i turgruppa i idrettslaget.

-Etter at Postkassetrimmen var lagt ned, har vi vore på jakt etter erstattar, men det har drege ut fordi det var frykteleg dyrt, mykje dyrare enn Postkassetrimmen. Då hadde vi støtta frå Kvinnheradstiftinga. Det har vi ikkje no. Vi har landa på Trimpoeng, og det er Uskedal Idrettslag som har grave djupt og tar kostnaden. Dette er for halvåret som kjem, men vi håpar verkeleg vi kan få støtte vidare, for at dette er viktig folkehelsearbeid, kan det ikkje vera tvil om, seier alltid engasjerte Steinar Haugland.

No kan vi altså lasta ned appen Trimpoeng. Der kan du enten søkja opp Uskedal Fjelltrim eller skanna QR-koden nedanfor. Deretter er det ei registrering som var såpass enkel, at eg klarte det. Det er billeg for brukarane, – gratis for medlemmer i Uskedal Idrettslag og 50 kroner for andre.
Lukke til! Ut på tur, aldri sur!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå Uskedal Idrettslag