Arne-Ivar Kjerland f. 1952, frå Granvin, driv Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand. Kjerland har over lang tid interessert seg for folkeminnesamlaren Thrond Sjurson Haukenæs. Han har samla alle dei 51 Haukenæs bøkene. I 2020 skriv han biografi om forfattaren og sambygdingen. Kjerland har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar frå Hardanger. I Norsk Årbok 2025 har han ein artikkel om diktarpresten Anders Hovden. I Granvin vert stadnamnet Kjerland skriven med e, ikkje æ slik vi skriv det i Uskedalen.

Arne-Ivar Kjerland frå Granvin driv Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand.

Bokmelding av Arne-Ivar Kjerland.

Arven, ei forteljing om Synneva Knutsdotter. Eg har hatt ei stor leseoppleving. Tormod Myklebust har skrive ei bok om slekta si, garden og dei som reiste til Amerika. Det har vorte ei levande forteljing, ei opplysande soge om slit og om tru. Me vert klokare av å lesa boka. Ho er levande fortalt og godt skriven, me trur på formidlinga av gardsdrift, pliktkjensle og kjærleik.

Oldefar, Tormod (1840-1898), som forfattaren heiter etter, var mannen til hovudpersonen Synneva Knutsdotter. Sjølv om livet hans vart kort, så var det innhaldsrikt. Jekte-skipparen var velkomen friar i tunet, ikkje minst av di han delte trua og misjonsiveren med svigerforeldra. Det vart då også som lekpreikar og organisasjonsmann i indremisjonen han sette sterkaste merke etter seg. Så sat den unge enkja der med åtte born frå eitt til atten år. Det kom vel med at ho hadde kraft og styrke, og eit godt vit på alt, men den største styrken henta ho i bøn og tru. Det gav meining til kvardags slit og framtidstru.

Skulle dei makta å driva garden på leveleg vis, laut det koma inntekter utanfrå. Løysinga vart at borna reiste skiftesvis til Amerika og sende pengar heim. Somme vart verande, det forklarer dei sterke slektsbanda som framleis er til. Det er så mykje gripande i boka, me får del i sterke kjensler mellom sysken, og ikkje minst mellom generasjonane.

Gong på gong laut eg turka tårer, her finst ikkje sentimentalitet, berre truverdige skildringar av menneske som ofra seg for sine næraste, med ei visse om at dei gjorde rett. Eg gler meg med Tormod Myklebust som så vellukka har skapt denne boka. Eg kjenner på fruktene av tankar som har mogna seg gjennom år, av setningar han har formulert og slipt på med tanke på at dei ein gong skulle koma i bok. Om tanken bak boka mest har vore å gje «Arven» vidare, så har han lukkast meir enn med det. Han har gjeve leselukke til eit breiare publikum, meg inkludert.

Bokbunaden er også tiltalande med mjukbind og klaffar, der fire dugande karar kvar for seg seier noko vesentleg. Kåre Johan Hamre skriv: «Under lesinga kjende eg på at personane vart meir enn namn. Dei kom nær som levande menneske – i kjærleik, strev, sorger og gleder, med alt som hende i livet deira. Det gjer at historia vert levande og nær. Samstundes tek forfattaren ikkje steget heilt over i romanen. Han tek seg god tid til «digresjonar» som skildrar historiske tilhøve, anten det gjeld opplysningar om gardsdrift og arbeidsmåtar i samtida, reisemåten til Amerika og båtane som frakta emigrantane dit, skildring av byar og næringsverksemd der borte m.m.

»Dette er både sant og godt sagt. Her er så mangt som opplyser og gjev lesaren bonuskunnskap, det gjeld ikkje minst framveksten av den organiserte misjonsverksemda på Vestlandet og dei straumdraga som førte fram til etableringa av Kinamisjonen, der ein annan Tormod i same slekta skulle gjera seg så sterkt gjeldande, Tormod Vågen (1903-1970).

Uskedalen.no har med løyve frå Kjerland lagt ut denne bokmeldinga.

Tekst/nett: Ingress - Kristian Bringedal
Bokmelding: Arne-Ivar Kjerland
Foto: Pressemelding