Ingvard Havnen kjem til møte i Kvinnherad Senioruniversitet, torsdag 13. november kl. 11 i Rosendal samfunnhus.
Grønland er tema på møte i Kvinnherad Senioruniversitet i Rosendal. 13. november. Tidlegare ambassadør Ingvard Havnen er førelesar. Grønland vart i år brått førstesidestoff i internasjonale medium etter at den amerikanske presidenten Donald Trump har gjort krav verdas største øy med rundt 56 000 innbyggjarar. Det har ført til sterke reaksjonar og stor uro verda over og ikkje minst frå danske styresmakter, då Grønland er ein del av Kongeriket Danmark.

Meiner verkeleg president Trump alvor og vil han følgja opp dei dramatiske uttalane sine? Få har vel betre føresetnader til å kommentera desse spørsmåla enn Ingvard Havnen. Som norsk ambassadør til Danmark i fem år, hadde han og ansvaret for Norges forhold til Grønland. Han har besøkt store deler av Grønland og hatt nær kontakt med grønlandske politikarar og andre i ei årrekke.
Havnen følgjer framleis grønlandsk politikk tett og var tidlegare i år med då Grønland var tema i NRK-programmet «Debatten» med Fredrik Solvang. «Det er veldig kjekt å bli invitert til å halda foredrag om eit så aktuelt tema for Senioruniversitetet og særleg i heimkommunen», seier Havnen. «Eg har alltid vore oppteken av nordområda. Gjennom dei jobbane eg har hatt, har eg fått høve til å reisa mykje og bli godt kjend med folk og politikk både på Grønland og i nordlege deler av Canada då eg var ambassadør der».
Ingvard Havnen vil i foredraget fortelja om bakgrunnen for den aukande internasjonale interessa for Grønland og kva som kan liggja bak president Trump sine utspel. «Men Grønland er meir enn storpolitikk», seier Havnen. «Det er og ein viktig del av norsk historie». Rundt år 985 reiste Eirik Raude frå Island til Grønland med 25 skip og oppretta dei første norrøne busetjingane i sør på vestkysten av øya. Men bare 14 skip kom fram. Det var herifrå sonen Leif Eirikson reiste då han oppdaga Amerika i ca. år 1000.
Havnen tar oss med til dei gamle norrøne tuftene, som på uforklarleg vis vart fråflytta utan spor på 1500-talet. Grønland var ein del av Norgesveldet frå 1200-talet og i 1380 tok vi Grønland, Island, Færøyane og Orknøyane med oss inn i unionen med Danmark. Men seinare vart Grønland «gløymt» heilt fram til den norsk-danske presten Hans Egede i 1721 etablerte koloni og starta koloniseringa av øya.
Grønland har i dag sjølvstyre, men er ein del av det såkalla «Riksfellesskapet» med Danmark og Færøyane. Framleis styrer Danmark viktige politikkområde som utanriks- og forsvarspolitikken.
Ingvard Havnen vil fortelja om Grønland i dag, både om folk og politikk og
gje deg eit innblikk i grønlendarane sin veg mot å bli eit uavhengig land.
Matøkt. Inngang: kr. 200/ 100 for medlemer ( Kontant eller vipps )
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal