Er husdyra våre eit klimaproblem ? Uskedal bondelag skriv til tillitsvalde og leiarar i næringa.
Er husdyra våre eit klimaproblem? Svaret er heilt klart nei. Det er dei ikkje. Metanhemmar kunne vi spart oss for, skriv styret i Uskedal Bondelag i eit debattinnlegg på nasjonalt plan. Det blir det berre bråk og spetakkel av, og det langt utanfor Noregs landegrenser ser det ut til. Forbrukarane vil ikkje ha det, produsentane vil heller ikkje ha det, og ingen vil betala for det. Det burde vera eit tydeleg signal til alle tillitsvalte og leiarar i næringa. Uskedalen.no har vald å bruka innlegget utan nedskjering og redigering. Innlegget vert publisert i Bondebladet. Bilete på topp er frå det siste medlemsmøte i Uskedal Bondelag.
Uskedal bondelag skriv vidare:
At husdyra er eit klimaproblm har næringa blitt fortalt i fleire år no, og til slutt ser det ut for at dei trur det sjølve òg. Det er eit ordtak som seier at blir ei usannheit gjenteken lenge nok, så blir det til slutt ei sannheit. Grønt skifte og berekraft ser ut til å vera dei mest (mis)brukte orda i året som gjekk.
Både «Klimamelk» frå Q-Meieriene og «Fremtidsmelk» frå Tine er stoppa, fordi dei ikkje fekk selt nok av produktet. Forbrukarane ville heller ikkje betala meir for mjølka. Den kan vera så trygg som berre det, men vil ikkje kunden ha det, så hjelper det ikkje. At det har blitt mykje styr i sosiale media den siste tida, må ein rekna med i dagens samfunn.
Tine har handtert dette klønete. Ein må rekna med reaksjonar når ein stoppar eit produkt, fordi kunden ikkje kjøper det, og så like etterpå blander alt saman med vanleg mjølk. Kunden må då føla seg lurt. Først prøver han å unngå produktet, men så viser det seg at han får det likevel, men i ei anna innpakning.
Ikkje uventa er mange forbrukarar opptekne av kva vi puttar inn i kua. Livslang kjemisk behandling på friske dyr med tilsetningsstoffet Nitrat (E251) kan umogleg vera ynskjeleg. I økologisk produksjon er det bannlyst for lengst.
Det nærmar seg 2030 og panikken er i ferd med å gripa om seg hjå dei som skreiv under klimaavtalen med Solberg-regjeringa i 2019. Haldningane blir meir og meir arrogante, og vil du ikkje, så skal du. Ingen har spurt oss produsentar om vi vil vera med på dette. Her skal vi tydelegvis behandlast som om vi bur i land vi ikkje ynskjer å samlikna oss med. Klimaavtalen i 2019 er ikkje hoggen i stein. Den gjev sjølvsagt rom for reforhandlingar, dersom nye ting dukkar opp undervegs.
Både Paris-avtalen av 2015 og vår avtale av 2019 byggjer på FNs klimapanel sin berekning, GWP100. Kort sagt, så bereknar GWP100 oppvarmingsefekten av klimagassar over 100 år. Metan vert omrekna til CO2-ekvivalentar etter ein fast faktor. Forskarar ved universitet i Oxford har i fleire år hevda at denne reknemåten ikkje tek omsyn til at CO2 blir i atmosfæren i 1 000 år, medan metan vert omdanna til vassdamp og CO2 etter 12 år. Og dersom ikkje talet på husdyr aukar, så vil ikkje husdyra bidra til å auka oppvarminga av kloden.
Bruken av GWP, som er den nye berekningsmåten, vil med andre ord redusere husdyra sitt bidrag til klimaproblema. Då GWP 100 blei innført i si tid, så var det i mangel av noko anna. Men ein meir korrekt reknemetode, det har vi altså ikkje tid til å venta på.
Men vi går ikkje til drastiske skritt før det er naudsynt. Det må dei som styrer med dette få inn i hovudet sitt. Det ville vera fullstendig galskap å setja himmel og jord i bevegelse for så å oppdaga at dette ikkje er naudsynt. Det høgaste utsleppet av metan her i landet hadde vi i 1930, i følgje professor Harald Volden og det var det året vi hadde mest husdyr. Sidan har det berre gått ein veg, og det er nedover. Det seier ikkje så reint lite.
Heile dette «styret» om innføring av metanhemmar frå 2027 har skapt mykje usikkerheit og engstelse hos mange bønder. Mange har ikkje eit slikt fôrregime at ein klarer og gje dyra dette inntaket annankvar time døgeret rundt. Og det må ein, viss ikkje dei skal byrja og rapa metan att. Det einaste ein oppnår med dette, er at fleire og fleire bønder sluttar. Ein får då sjølvsagt mindre utslepp, men det var vel ikkje det som var målet at endå fleire bønder skulle slutta.
Forsøk utført av MetanHUB-teamet i norske fjøs, syner dessutan berre ein reduksjon på 15-20 prosent. Langt lågare enn i resten av Europa. Kostnadane med dette, kven skal dekka dei? Det er det ingen som seier noko om. Kundane har alt sagt at dei tek det ikkje. Ei ny Solberg/Listhaug-regjering tek det i alle fall ikkje. Det kan vi vera heilt sikre på. Så då er det ikkje så mange igjen då. Minst 2000 kroner for kvar ku, så kjem ungdyr, sau og geit på toppen. Her snakkar vi fort om fleire hundretusen for ein stor besetning. Det passar godt det no, på toppen av all kostnadsauken i næringa.
Skogen er noko Norges Bondelag kan ta tak i og få med i klimarekneskapet. Vi kan vel trygt seia at dei har svin på skogen, i så måte. Det skulle berre mangla at skogen ikkje kom med, han er då ein del av drifta vår. Vi har høyrt frå sentrale politikarar at viss skogen kom med, så hadde ikkje landbruket noko å strekkja seg etter. Jau, det er berre det som manglar, vi skal altså gå som nyttige idiotar for resten av samfunnet.
I 2025 er det venta fleire utanlandsturar enn nokon gong, for reiseglade nordmenn. Det er ikkje apostlane sine dei skal ta seg fram med. Det blir nok med fly. Det bidreg godt i klimadebatten. Ingen politikar vil ta i det problemet i eit valår, må vita.
Så til tiltak som vi meiner bidreg positivt inn i klimadebatten. Klimakalkulatoren er det mange som har nytta, og den syner at norske bønder kjem langt betre ut enn ein før hadde berekna. Gjennomsnittet ligg så mykje som 20 prosent under det som er berekna. Det syner at vi driv miljømessig fornuftig her i landet.
Biogassanlegg er eit anna område som har potensiale i seg. Mange bønder har alt inngått avtaler med anlegg som er under oppføring, men ein høyrer ikkje så mykje om dette frå næringa sjølv. Vi spreier dessutan både kunst- og husdyrgjødsel på ein langt meir effektiv måte i dag, enn for få år sidan. Alt dette er positivt for miljøet. Geno ser på avl. Her kan det òg vera noko å henta. Det vert spennande å sjå kva dei får til.
Tekst: Uskedal Bondelag - styret Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal