Jørn Øyrehagen Sunde skriv ein interessann artikkel i gårdagens B.T. om jul i mellomalderen. Julehøgstida på 1200 talet byrja med Thomasmesse 21. desember, dagen for solsnu. Etter mellomalderen vart feiringa flytta til 23. desember, kvelden før Jesu fødsel. Vi finn enno tradisjonar frå mellomalderjul. Sjå berre på alle som heng opp adventskrans på utedøra. Landslova frå 1274 inneheld mykje om julefeiringa, mellom anna om ølbrygging.

Dørkransen kan knytast både til solsnutradisjonen og til frykta for årsgardsreia. Alt i mellomalderen finn vi i Europa ein tradisjon om å hengja ein krans med eviggrønt materiale på utedøra. Best var det om det var kristorn i kransen, men også anna materiale vart brukt.

Det eviggrøne spegla på Kristus og det evige liv. Dørkransen var symbolet på von om grøderik vår, men også det å halfda vonde makter unna.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Jørn Øyrehagen Sunde - B.T. 21. desember 2024