Torsdag, 13. juni, var det boklansering i Austrepollen. På oppdrag frå Statkraft har Sigurd Vikøren skrive boka Det kvite gullet. I boka er Jan Vivelid frå Uskedalen ein av informantane. Vivelid jobba på anlegget og var med på den tragiske skredulukka i 1970 der sju arbeidarar omkom. Ein av dei omkomne hadde adresse Uskedalen. Johannes Bondhus har vore ein av fleire pådrivarar for å få dokumentert og skrive boka om Folgefonnanlegga 50 år. Sigurd Vikøren fekk oppdraget, ei bok som fyrst var tenkt å vera på 100 sider og som til slutt enda opp på 352 sider.

Sigurd Vikøren har skrive boka Det kvite gullet på oppdrag for Statkraft.

Frå Hardangerfjordmagasinet si heimeside tek vi med eit utdrag:

Folgefonnutbygginga var eit pionerprosjekt. For første gong vart det planlagt og bygd eit kraftverk som henta vatn frå ei isbre. Sidan 1974 har kraftverka bidrege med 65 TWh fornybar energi, i tillegg til inntekter til vertskommunane. Mauranger er kjend som Noregs første kraftverk som henta inn smeltevatn frå under ein isbre. Neste steg er utbygginga av Mauranger 2 som er eit heilt nytt kraftverk som ved sida av det gamle vil bidra med både kraft og effekt i ein region med stor etterspurnad etter fornybar energi. Mauranger 2 vil kunna bli Noregs tredje største kraftverk målt i installert effekt, og bidra med regulerbar kraft som kraftsystemet vårt er avhengige av, når sola ikkje skin og vinden ikkje blæs.  

Den legendariske Gustav Bergstø jobba på anlegget i Mauranger. I boka er han omtalt som The one and only Gustav Bergstø. ( Foto: Kvinnheringen )

Boka Det kvite gullet har med intervju, bilete og ei historisk skildring av bygda Mauranger før og etter utbygginga. Lesaren kjem tett på eit samfunn med kultur, arbeidsliv og menneska som budde der. Boka handlar òg om nokre mørke kapittel i Folgefonnanlegga sin historie, som snøskreda i Rednedalen under bygginga av Mauranger kraftverk i 1970, der sju menneske mista livet. 

Fleire personar frå Uskedalen jobba på anlegget. Mellom dei var Arne Terje Haugland som var sjåfør på lastebil.

Stortingsrepresentant Thor T. Myklebust var sentral i saka då konsesjonsøsknaden vart vedteken i 1969.

Boka Det kvite gullet er å få kjøpt i bokhandelen i Rosendal.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Sigurd Vikøren/ pressefoto
Kjelde: Facebook Hardangerfjordmagasinet