Godt førehandsalg av Uskedalsboka.
Det har vore stor interesse for å sikra seg boka om Uskedalen si nære fortid etter at det blei opna for førehandskjøp. Dette er til stor glede for dei som har lagt ned utallige dugnadstimar i prosjektet. Alt skrive- og innsamlingsarbeid blir gjort på dugnad.
No blir siste finpuss lagt på produksjonen før den blir sendt til trykkeriet. Det er Salikat Design som tar seg av det grafiske arbeidet, og boka blir trykt hos Renessanse Media. Boka vil vera klar i månadsskiftet oktober/november etter planen. Vi har fått fleire spørsmål etter pris og betalingsmåtar og repeterer derfor det. Prisen er 250,- kr før 10.oktober. Etter den datoen vil den kosta 300,- kr. For dei som ønskjer den tilsendt kjem 90,- kr i eksp./porto i tillegg, uavhengig av antal bøker. Hugs å skriva namn og adresse når de betaler. Ein kan betala til vipps 763803 (Uskedal Historielag) eller til konto 3207.37.52026.
Arbeidet med bok nr.2, som kjem i salg hausten 2023, er alt godt i gong.
Bildet over viser to særs gode kjeldepersonar til artiklar i boka, Bjørgulv Eik (t.v) og Birger Myklebust.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland