Redusert pris til 10.oktober.

Dei næraste vekene blir siste finpuss lagt på første boka i serien om Uskedalen si nære historie før den blir sendt til trykkeriet. Boka blir på i underkant av 150 sider, og formatet er 17 x 24 cm med soft cover. Det er Salikat Design som gjer det grafiske arbeidet, og Renessanse Media skal stå for trykkinga.
No kan de førehandskjøpa boka til redusert pris fram til 10.oktober.Det er minst to gode grunnar til å vera tidleg ute. Boka blir billegare, og ein er sikker på å få tak i boka.
Pris ved førehandskjøp er 250,-kr pr. stk (viss de ønskjer den tilsendt, kjem 90,-kr i tillegg for porto/ekspedisjon, uavengig av antal bøker)Etter 10.oktober aukar prisen med 50 kr til 300,-kr. De kan førehandskjøpa bøker på 2 måtar:

  • Vipps til 763803 – Uskeddal Historielag.
  • Betal til konto: 3207.37.52026.

Hugs å merka med namn (og fullstendig adresse ved sending). Kasserar vil utfrå summen sjå kor mange bøker kjøpet gjeld for. (Det blir ikkje mogeleg å førehandskjøpa boka på andre måtar). Bøkene vil vera klare til levering frå starten av november.

Boka inneheld 15 tema med god variasjon og breidde:

  • Minne frå evakueringa i april 1940 
  • Første firhjulstraktoren i bygda
  • Gutteklubben Gordon                                                    
  • Handballaget i etterkrigsåra
    Sunnhordlandsmeisterskapa i friidrett på Heio            
  • Skotårsfest i 1948                                                                     
  • Skred på Kjærland
  • SJØTUN – med snikkarverkstad og møbelsnikkeri 
  • Systova – Sverremann og alle sydamene(bilde).                                                
  • Skreddarane, Jakob Myklebust og Kjell Yri                                                                               
  • H. Sætre Bakeri (bildet øvst)), Uskedal Dambakeri (Odden på Neset) og bakarane Hansen og bakeriet på Vikjo                                        
  • Jonsokfeiring for vel 100 år sidan
  • Samferdsle til sjøs, livet på kaiane.
  • Om Uskedalsfartøy.
  • Revagardane som viktig attåtnæring.

Arbeidet med bok nummer 2 er godt i gang. Den skal etter planen komma hausten 2023.     

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Fotoeigarar: Harald Sætre og Ruth Haukaas