Ta deg ein helsebringande tur!

Denne veka er ei aksjonsveke i russen ved Kvinnherad vidaregåande skule sin innsats for å skaffa midlar til arbeidet mot kreft med spreiing. I tillegg til vanleg pengeinnsamling har dei eit sprekt opplegg der dei har gjort avtale med ulike firma om at dei betaler eit visst beløp for kvar deltakar som går til turmåla Ådnaklett, Skjethaug og Kaldestadåsen. Alle må hugsa å skriva namnet sitt i bøkene som er blitt plassert på desse turmåla for å bli registrert.
Og hugs at de slår to fluger i ein smekk når de deltar i dette. De får helsebringande tur i tillegg til at de støttar ei god sak. Og sjølvsagt gjer det ekstra godt om de tar fleire turar.
Vi ønskjer russen lukke til med det gode tiltaket!

De kan lesa meir om aksjonen ved å klikka HER.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Russen