No kan vi leggja pantelappane i postkasse på Spar og støtta Emil sin aksjon til støtte for barnekreftforskning.
Rett etter nyttår hadde vi ein artikkel om Emil Ekornrød Sætre(11 år) sin fantastiske panteaksjon til støtte for barnekreftforskning som i fjor resulterte i godt over 100 tusen kroner til den viktige saka. I dag er det Den internasjonale barnekreftdagen, og det skal delast ut 25 millionar til ulike prosjekt innan barnekreftforskninga. Emil er utnemnd til ambassadør for innsatsen sin, og han er i Oslo, saman med mora Mette, for å ta del i denne utdelinga(bildet over). Dette blir sendt direkte på youtube frå kl.12 i dag. De kan sjå det ved å klikka HER.
Ein annan viktig ting har også skjedd i Emil sin panteaksjon. Mange kvinnheringar har lyst å støtta den, og det er no sett opp ein postkasse på Spar Uskedalen der vi kan leggja pantelappar til støtte for det fantastiske tiltaket.
Saman med postkassen er det også hengt opp ein plakat med informasjon. Emil har også bestemt seg for at han vil ha ei eiga Uskedals-kolonne i rekneskapet sitt slik at han får god oversikt over støtta herfrå.
Mormor til Emil, Liv Astrid Myhre, er svært takksam overfor Spar som støttar barnebarnet sin aksjon på denne måten. Ho legg også til at ho svært gjerne hentar pantegods om nokon ønsker det.
No blir det spennande å følgja utviklinga i den viktige aksjonen til den flinke 11-åringen, og i dag kan vi følgja han i utdelinga i Oslo, direkte på youtube.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Liv Astrid Myhre og Mette Ekornrød