Spar Uskedalen har gjennom åra sikra seg mange gjeve prisar for den gode måten butikken blir driven på. Også i år var butikken nominert til høgthengande pris. Saman med Spar Bygstad var dei nominert som kandidat til prisen som “Beste service-butikk” frå Region Vest. Det blei ingen av dei to som gjekk sigrande ut av landsfinalen. Likevel er det ei fjør i hatten å koma til “semifinalen”. Det var ikkje noko rangering mellom dei to butikkane frå Region Vest. Utnemninga er eit nytt bevis på at den gode drifta i matvarebutikken på Sanden blir lagt merke til.

Nominasjonen er basert ei brei vurdering av butikkdrifta. Det blir brukt både innsendt materiale og besøk i butikken. Kundane sitt syn kjem m.a. fram i kundeundersøkinga som er enkel og grei å fylla ut.
– Det er i grunnen kommentarane til slutt som er aller viktigast, for der kan kundane skriva kva vi kan bli betre på, seier dagleg leiar Gunn Mari Moberg.

Samarbeidet mellom sjefane, ungdommane og dei andre tilsette går med liv og lyst på Spar Uskedalen. Her er den flotte staben representert ved Lene Lønning og Kjersti Nilsen Børve. Like kjekke og blide begge to!!

Ho rosar alle tilsette som absolutt er viktige for drifta av butikken.
– Vi har ein erfaren og veldig stabil stab som er svært dyktige. I tilfegg har vi flotte ungdommar som verkeleg står på og gjer ein kjempejobb for oss. Ekstra kjekt er det at eit par av dei også har tatt eller er i ferd med å ta fagbrev. Elles er dei tilsette positive til å ta kurs for å halda seg oppdatert heile tida, rosar Gunn Mari staben sin.

Måte vi som kundar blir mottatt på i butikken, vitnar om god trivsel og godt arbeidsmiljø. Mitt inntrykk er at det må vera ein særdeles god plass for ungdommane å starta i arbeidslivet på. God lærdom for livet! Kjekt å handla der er det i alle fall!

At 2020 var eit godt driftsår for butikken, kan de lesa HER.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland